Aktiviteter
I Hauggrend ligg Storroan, den høgaste toppen i Fyresdal (1192 m.o.h.). Turen opp er ganske grei, men kan vere ei utfordring om dette ikkje er noko du driv med til vanleg. På toppen har du utsikt over eit særs stort område på fine dagar. Du kan sjå nesten til kysten i sør og heilt til Hardangervidda og Gaustatoppen i nord. For dei som anser seg kyndige på ski eller snobrett, kan ein vinterstid få seg ei god oppleving på nedturen også.

Dersom du ynskjer ein av oss til å guide deg opp til toppen vil dette koste 500 kr ved opphald på Rindebakken eller Utsikt.Sjangsane for å sjå villrein er nokså store.

                 

Moltetur
Molter er det ofte ganske bra med i Fyresdal. Å finne dei gode vekseplassane deira krev likevel lokalkunnskap. Kor molta veks i stort monn vert som vert vakta som gull her i distriktet. Dersom du leiger på Rindebakken eller utsikt vil me ta deg med på ein moltetur dersom det er ynskeleg.
(Aktuelt frå seint i Juli til slutten av August)
Pris: 500 kr ved opphald på Rindebakken eller Utsikten
.

Beverjakt
I Fyresdal er beveren særs vanleg, men det har ennå ikkje vorte den heilt store interessa for denne spanande jakta i området. Henning er sjølv ein ivrig beverjegar, men tilbyr ein del løyver i ei pakke til folk som er interesserte i dette. Sjangsane for å skyte bever er gode og det tilbyast guiding 1 dag til dei som ynskjer, samt veiledning i å behandlet viltet.
1 veke beverjakt på Rindebakken inkluderar:
1 beverlisens, ytterlegare lisensar kan kjøpast til etterpå.
Guiding 1 dag. Instruksjon i behandling av viltet.
Opphald på Rindebakken.

Pris: 8000 kr / veke

400 kr per lisens utover den inkluderte.


Elgelos fra 20.08
Jakt med losande hund er ein eldgamal tradisjon i Noreg. Den norske grå elgehunden er spesialist på elg og det er i visse delar av året høve for å vere med Henning og hans hundar ut for å sjå etter elg. Det er lite som er så nervepirrande og spanande som å prøve å snike seg inn på ein elg som står for hund.

Pris: 500 kr ved opphald på Rindebakken eller Utsikten.

Det er mange bra aurevatn i Fyresdalsområdet, men dei er ikkje nødvendigvis så lette å lokalisere på eiga hand. Vår guide er lokalkjent og veit kva vatn som har stor fisk og kor det er lett å få fisk for nybegynnerar. Ein dag med slik guiding er ein del av ei pakke med ei vekes opphald på Rindebakken. Dersom det er ynskeleg kan guiden leigast inn fleire dagar for eit tillegg.

1 veke på Rindebakken med fiskeguiding inkluderar:

1 dag guida fisking. Høve for å kjøpe fleire dagar med guiding om ynskeleg.
Opphald på Rindebakken.

Pris: 7500 kr + fiskekort (ca. 200 kr)


Opplegg under utarbeiding. Ta kontakt for meir informasjon.

Hestetransport
Opplegg under utarbeiding. Ta kontakt for meir informasjon.